februar 14, 2012 § Kommenter innlegget

 

 

“Stå ikke ved min grav og gråt
jeg er ikke der.
Jeg sover ikke –

Jeg er de tusen vinders blåst
jeg er snøkrystallers frost.
Jeg er morgensol i duggvåt eng
og høstregnet som væter kinn.
Når du våkner opp i morgenstille
er jeg de tusen fuglevingens sus.
Når du sovner inn i nattens silde
er jeg de milde stjerners lys.

Stå ikke ved min grav og gråt
jeg er ikke der.
Jeg døde ikke –”

 

 

Mary Elizabeth Frye

Bringebær- og sitronpai

mai 16, 2011 § 2 kommentarar

Mamma lagar verdens beste bringebærpai med sitronkrem.

Den er ein herlig balanse mellom syrlig og søt, og så er den fantastisk frisk og vårlig.

Husk å kjøpe:
1 pk butterdeig
2 sitroner
Sukker
Smør
Egg
1/3 l fløyte
1 plate kokesjokolade
Bringebær (eller andre syrlige bær som rips)

Slik gjer du det

Paideig:

Enklare blir det ikkje.

Kjevl ut butterdeigplatene litt og legg dei i paiforma.

Dersom du har ei lita form brukar du berre tre plater, i ei stor form ca. fem plater
Steiketid finn du på pakken.

Sitronfyll:
2 sitroner, både saft og reve skal
100 g sukker
125 g smør
2 egg
(fløyte etter at fyllet er avkjølt)

Ha sitronskal, sitronsaft sukker og egg i ei panne. Rør på svak varme til fyllet tjukknar.

Det er veldig viktig at dette ikkje kokar, då vil det berre skille seg.

Tilsett smøret litt etter litt til det er smelta og sausen tjuknar enda meir.
Avkjøl fyllet, det vil få enda fastare konsistens.
Dersom du likar fyllet litt mildare kan du vispe ein pakke fløyte og bland den i det avkjølte fyllet.

Rett før servering legg du lagvis:
3/4 raspa kokesjokolade
Bringebær
Sitronkrem
Bringebær og eventuelt litt sjokolade til pynt

Jonas Alaska

januar 18, 2011 § 2 kommentarar

Dagens lesemusikk.

Meir fin og behagelig musikk ein kan ha på øyret når ein skal lese på lesesalen, men det ikkje er så lett fordi jentene rundt deg heller vil snakke om kor viktig det er å lese no, så tidlig i semesteret.

Jonas Alaska skal spille på Øya og by:Larm 2011, så veit du det. Tilfelle du lurte.

 

The Tallest Man on Earth

desember 15, 2010 § Kommenter innlegget

 

 

Denne mannen vil eg gjerne sjå igjen.

Og aller helst vil eg få med meg oppvarmingsartisten også, som er fin.

Dei skal spele i Paris 30 mai, opp med handa dei som vil vere med.

 

Sjå denne duetten i storskjerm, det er fint.

og så rablar ein meir.

oktober 11, 2010 § 2 kommentarar

Eg finn deg her

Eg sorterar dine ord og eg høyrer deg le

Du treng aldri rope, du er alltid med

Eg finn deg der i mine kjappe replikkar

I mine skeive smil, og i dei skarpe blikka

Du er i frysningen eg får på 17-trikken

Når eg stivnar til og mistar all mimikken

(Eg fortel ikkje alltid om deg, det får eg ikkje til,

men du er alltid her, sjølv når eg ikkje vil)

Du er i sommarfuglen som flyg i veg

I papirbrettar, haustsola og det som gjer meg, meg.

du er der plutselig

september 30, 2010 § 2 kommentarar

sakte snørar det seg sammen eit hav av tankar

til den umogelege klumpen tvinger meg til å ta meg til brystet

den lange joggeturen endar i eit gisp etter luft

du er der plutselig

den kvelande saltsmaken er likevel ei trøyst,

den minner meg på at du er her.

«Aldri»

september 26, 2010 § 2 kommentarar

3 år i dag. fortsatt like uforståelig.

«Aldri»

Så lenge
fikk livet aldri tråkke rundt øynene
dine at det laget seg stier der.
Aldri streket vinden opp linjer
når den øvet seg i skjønnskrift
på pannen din.
Håret hang høyt og langt
en blank stjernenatt. Aldri
skjerpet alderen sølv.
Oss skyver årene videre, jager på.
Du hviler
på mjuk, eviggrønn ungdom
i veikanten og bortenfor
verdensrommet

(Kolbein Falkeid)

Rengim Mutevellioglu

september 23, 2010 § Kommenter innlegget

Rengim Mutevellioglu er ein 19 år gamal fotograf frå Tyrkia.

Fantastiske bilder, du kan sjå andre her: flickr eller deviantart

The tallest man on earth

september 17, 2010 § Éin kommentar

Eg klarar ikkje la han vere i fred. Gang på gang må eg trykke. Eg berre må.

Like the wheel – The tallest man on earth.

Denne fine mannen er fra Sverige, har varma opp for ein anna fin mann, Bon Iver, og synger så vakkert, vakkert.

Tidligere spilte han i Montezumas, som for den saks skyld er nydelig det og.

Sky

juli 13, 2010 § Kommenter innlegget

Sky Ferreira er fin. Animal er fin.